tirsdag 1. september 2020

Kunst, kvasikunst og kodetale

Kunst skal ikke alltid forstås, men subsidieres av staten
 Kunst, kvasikunst. © See terms

Offentleg subsidiert kvasikunst har mykje til felles med kodesnakk. Begge er ytringar «som ikkje alle skal forstå». Politikarane våre, og særleg «Dei Korrekte», beint fram elskar å spreia slikt.

Frå politikarar og liknande i kultursektoren får vi høyre at «kunsten skal ha ein samfunnsmessig funksjon». Når dei snakkar om kunst, sikter dei oftast til kvasikunst.

Kvasikunsten har fleire «samfunnsmessige funksjonar». Ein av dei er å få folk til å kjenna seg dumme: «Kan ikkje skjøna kva det der skal bety».

Kodetalarar, «kunstskjønarar» og andre bedragarar som verar ei slik ærleg uvisse hjå eit menneske, vil temmeleg sikkert straks tre inn i yndlingsrolla si – som orakel, betrevitarar og frelsarar. Dei kan då koma med lange «kunstfaglege» utgreiingar med flosklar og abrakadabra som ingen kan forstå. Eller dei kan rett og slett fortelja folk som undrar seg over «kunsten», at det ikkje er å venta at kven som helst skal kunna skjøna seg på "slik kunst av ypperste merkje". 

Etter å ha høyrt slikt frå slike som kan sjå ut som autoritetar, vil mange kunna koma til å tru at dei nok ikkje evnar å skjøna seg på korkje kunst eller noko anna av alt det ubegripelege som «korrekte» politikarar, kvasikunstnarar og andre bedragarar likar å briska seg med. Dei uinnvigde kan i sitt stille indre koma til å  slå seg til tåls med at dei nok ikkje er so smarte og kunnige som ein lyt vera i våre dagar, og då har bedragarane fått det som dei vil.

Knefall for jåleri, kvasikunst og anna «som ikkje alle skal forstå», skal ein passa seg for. Slikt knefall  opnar dørene for svindel, folkebedrag og lopping av statskassa. Her er eit par døme få «kultursektoren»:

Ein mann smurde inn sin eigen bakende og sette avtrykk på papir. Han fekk dugeleg med tilskott fra Kulturrådet. Sjå "Det utvidede kulturbegrep". 

«Kunstaren» Vegard Vinge kasta avføring på publikum, tissa på scenen og spruta blåmaling ut av rumpa. Han har fått tre millioner i året i offentlig støtte. (Jfr. Nettavisen 13.12.19).

Fleire døme kan du finna på Facebooksida til Sløseriombudsmannen

Styresmaktene si spreiing av kvasikunst fører og til at betre kunst ikkje slepp til. Det har gått ut over vakker, figurativ kunst og mykje anna som er vakkert og interessant. (Den norske kvasikunsten er forresten berre ein del av ei større eining: Det norske kvasiåndslivet som har teke eit solid grep om størstedelen av "kultursektoren"). Jfr. "Det utvidede kulturbegrep".

Kunst som kan vera velkomen hjå folk flest, står ikkje høgt i kurs hjå «eliten». Å koma med noko som dei fleste kan tykkja godt om, vert ofte kalla populisme.


Slikt som kan tenkjast å styrke norsk nasjonalkjensle og den norske ålmenta si sjølvkjensle, vert halde nede. Globalistane og Dei Korrekte vil styra norsk åndsliv, sletta ut norsk identitet og gje oss eit «Nytt Vi». Dyrkinga av den fordummande, hånande og passiviserande kvasikunsten er ein redskap i denne samanhangen. Internt i den politiske «eliten» kan kvasikunst soleis vekkja stor begeistring.

Ubegripeleg kvasikunst, abrakadabra og kodetale er som nevnt i nær slekt. (Sjamanismen ligg heller ikkje langt unna).  Alt er slikt som «ikkje alle skal forstå». Her er ei lenke til ei side om nytale og kodetale. Der kan du lesa om kvifor «eliten» tar kodetale (og kvasikunst) i bruk, om korleis dei kan svindla skattebetalarane og ålmenta med slik tale, og om korleis slik tale og svindling sveiser bedragarane i pressa, «kultursektoren»  og politikken saman til ein jublande og skadefro flokk, blenda av eigen suksess - som dei har tufta på kodesnakk, løgn og bedrag.

Det meste av det som på denne bloggen er sagt om kodetale, gjeld og for kvasikunst.

Ingen kommentarer: